Espen Haavardsholm vann Aschehougprisen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Espen Haavardsholm vann den gjeve Aschehougprisen på forlagets fasjonable hagefest i går kveld. Det var det få som fekk med seg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Espen Haavardsholm dagen før dagen - her fotografert på Oktober Forlags haustlansering, onsdag. (Foto: Sverre B. Graff)Espen Haavardsholm dagen før dagen - her fotografert på Oktober Forlags haustlansering, onsdag. (Foto: Sverre B. Graff)

Forfattaren Espen Haavardsholm er vinnaren av Aschehougprisen 2006. Den gjeve prisen vart utdelt på den årlege hagefesten i forlagets ærverdige villa med den kjende adressa Drammensveien 99.

Bråkete tilhøyrarar


Festen er ein av dei viktigaste for mange i dei krinsane i Noreg. Og alt som kunne krype og gå av kjentfolk frå Noregs kultur- og kjendiselite var til stades då prisen vart utdelt.

Og det var ikkje berre forfattarar som var i Aschehougs hage, men modellar, stand-up komikarar, politikarar, moteekspertar, filmstjerner, programleiarar og andre TV-fjes, artistar og fleire til.

Men då overrekkinga av Aschehougsprisen skjedde frå terrassen i Drammensveien av mellom andre forlagssjef William Nygaard, var det nærmast umogleg å høyre Norsk Litteraturkritikerlag si hylling til Haavardsholm.

Det celebre publikumet greidde rett og slett ikkje å vere stille. Den pinlege uroa vart også kommentert av prisutdelarane, utan at tilhøyrarane fekk det med seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Rørt forfattar


Men dei som greidde å overhøyre larmen av feststemde folk og rette merksemda mot overrekkinga, fekk med seg ein strålande glad Espen Haavardsholm som rørt tok imot prisen, som var ein statuett frå forlaget samt hundretusen kroner.

Juryen si grunngjeving for å tildele Haavardsholm årets pris, var mellom anna:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Om forfatteren er det blitt sagt at han «kan kunsten å gjøre personlige erfaringer om til allmenne erkjennelser», og om en av de mest kjente romanene hans er det blitt sagt at den «gang på gang opererer med overraskende og eggende innfallsvinkler for å belyse et djupt personlig og samtidig allment europeisk intellektuelt stoff.»

Men då William Nygaard heva stemma og avslutta med: «Skål, Espen!», vakna festdeltakarane til liv og stemde i ein felles skål for å heidre vinnaren.

Tidlegare vinnarar av Aschehougprisen er mellom anna Dag Solstad, Jan Kjærstad, Stein Mehren, Jan Erik Vold og Kjartan Fløgstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Om forfattaren:

Espen Haavardsholm (f.1945) debuterte med novellesamlinga «Tidevann» og var sentral i krinsen rundt tidsskriftet «Profil». Han braut gjennom med «Zink» (1971). Fleire av romanane og novellesamlingane hans er oversett til fleire språk, og tre av dei er filmatisert. Haavardsholms mest kjende romanar er «Store Fri» (1983), «Det innerste rommet» (1996) og «Gutten på passbildet» (2004).

I løpet av dei siste førti åra har Espen Haavardsholm gjeve ut nærare tredve bøker.

Seinare denne månaden kjem prisvinnaren ut med si siste bok, romanen «Tjue» der lesaren møter att personane frå boka «Gutten på passbildet», og denne gongen har Haavardsholm dikta fritt rundt biografiske hendingar i sitt eige liv.

Aschehougprisen


Aschehougprisen er ein ærespris som tildelast forfattarar uten at det vert teke omsyn til kva forlag dei er knytte til.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Utdelinga skjer ved forlaget etter bindande innstilling frå Norsk Litteraturkritikerlag og skal vere offentleg. Aschehougs jury er arbeidsutvalet i Norsk kritikerlags litteraturseksjon og er samansett av Mariann Enge, Anne Schäffer, Margunn Vikingstad og Leif Høghaug.

Espen Haavardsholm er gir ut bøkene sine på Oktober Forlag.