Amnesty klagar Israel for krigsbrotsverk i Libanon
London (NTB): Israelske jagerfly og artilleri øydela med hensikt matvare - lager, gjekk til åtak på kolonnar med naudhjelp og bomba vann- og elektrisitets - forsyninga og tusenvis av private heimar i den hensikt å drive sivilbefolkninga i Libanon på flukt, konkluderer Amnesty i ein ny rapport.
- Det finnast sterke bevis for at dei omfattande øydeleggingane av
offentlege tenester, energiforsyninga, sivile heimar og industri var tilsikta og ein integrert del av Israels militære strategi, slår Amnesty fast.
Israel gjennomførte i tidsrommet 12. juli til 14.august heile 7.000 flyåtak mot like mange mål i nabolandet, konstaterer Amnesty.
Israelske marinefartøy avfyrte samtidig 2.500 rakettar og granatar mot Libanon, og israelske artillerikanonar avfyrte eit ukjent tal granatar over grensa.
Åtaka kosta over 1.100 libanesarar livet, ein tredel av dei barn. Over 4.000 menneske blei såra og kvar fjerde libanesar - 970.000 menneske - blei drivne på flukt. (©NTB)