Japanar terroriserte telefonoperatørar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Synest du folka på opplysningen har hyggjelege stemmer? Eller hos Telenor, til dømes?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

905 samtalar kan fort bli for mykje, sjølv for ein telefonoperatør. (Foto: thesuretysource.com)905 samtalar kan fort bli for mykje, sjølv for ein telefonoperatør. (Foto: thesuretysource.com)

Ein japanar med sansen for «snille» kvinnelege operatørstemmer vart arrestert denne månaden, etter å ha gjennomført ein drøss med telefonsamtalar.

37.760 telefonsamtalar, for å vere presis.

«Silent Calls»


Den 44 år gamle mannen ringde nemleg opptil 905 gonger dagleg til telefonselskapet sine operatørar, melder Yahoo News.

Men då operatørane svara, sa mannen ingenting.

Hyggjelege operatørar


Til politiet forklarte mannen årsaka til den enorme mengda samtalar slik:

- Då eg ringde for å klage ein gong, var operatøren så veldig hyggjeleg, så eg ønska å høyra dei kvinnelege stemmane igjen.

Og igjen, og igjen…

Psykisk stress


Politiet trur at samtalane kan ha gitt meir enn 100 operatørar psykisk stress.

Kanskje nokon hadde gløymt å fortelje han at dei hyggjelegaste samtalene gjerne er dei som begge partane synest er hyggjelege?

Meir om telefonar i Neste Klikk:

ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving