Ein rettferdig by

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den vesle industribyen Sauda i Rogaland har bestemt seg for å gjere eit ærleg forsøk på å gjere verda litt betre.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette er Max Havelaar sitt merke, som skal garantera at varene som ber det er rettferdige.Dette er Max Havelaar sitt merke, som skal garantera at varene som ber det er rettferdige.

I dag opnar Saudadagane, ei tilstelling organisert av handelsstanden, med Hawaiian poolparty, ansiktsmaling, karneval og supersal i butikkane. Men på programmet står det også ei markering av noko alvorleg, som viser at denne byen ikkje berre tenkjer på seg og sitt. I dag går nemleg startskotet for Sauda som den første rettferdige byen i Noreg.

Endeleg god kaffi


NAV-kontoret i byen er allereie i gang med å drikke kaffi som bøndene har fått ein pris dei kan leve av for.

- Det beste av alt er at kaffien er god, seier Elna Rivedal til Neste Klikk. Ho har byrja å drikke traktekaffi igjen etter at den rettferdige varianten kom på bordet.

- Eg synest det er kjempebra at kommunen set i gang dette, og eg håpar at det får fleire til å tenkje over kor varene dei kjøper kjem ifrå.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Her er Sauda, Noregs første rettferdige kommune. (Ill: Saudaferie.no)Her er Sauda, Noregs første rettferdige kommune. (Ill: Saudaferie.no)

Byrja i England


I år 2000 blei Garstang i Nord-England den første rettferdige byen i verda. Etterkvart har det blitt 173 slike byar i Storbritania, og ei rekkje byar ventar på godkjenning for å få denne statusen.

- Det heile handlar om solidaritet, om å sjå lenger enn til sin eigen nasetipp. Når du og eg drikk ein kopp med billeg kaffi, svært nøgde med prisen som ikkje gjorde vondt nokon plass i det heile, kven er det som må betale for den kaffien vår? spør Elna Rivedal engasjert.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokon får rekninga


Sanninga er dessverre at nokon alltid må betale, og Sauda har no tatt inn over seg at det kanskje er betre at vi, som faktisk bur i eit av verdas rikaste land, betaler for oss, enn at fattige bønder skal lide for at vi skal få billeg kaffi.

Er din kaffikopp rettferdig, eller må fattige bønder hjelpe deg å betale for han?Er din kaffikopp rettferdig, eller må fattige bønder hjelpe deg å betale for han?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva er ein rettferdig by


Å vere ein rettferdig by inneber først og fremst at kommunen berre kjøper rettferdig kaffi og te til tilsette og besøkjande. Dei pliktar å opplyse om at kaffien som blir servert er rettferdig, og å arbeide for å gjere denne ordninga kjend i lokalsamfunnet.

Ordninga med rettferdig handel skal sikre produsentar i fattige land ein anstendig minstepris for varene dei dyrkar, og som du og eg kjøper. I Noreg får ein til no utanom kaffi og te, tak i ris, juice, bananar, sjokolade, sukker, bomullsprodukt, sportsballar og roser med Fairtrade - merket Max Havelaar.


Lokale eldsjeler


Det er lokale eldsjeler har fått med seg kommunen og næringslivet på å ta eit tak i retning internasjonal solidaritet. Også fleire bedrifter er med, og har bestemt seg for å kjøpe etiske varer.

Representantar frå organisasjonane Max Havelaar og Idèbanken, som har gått i bresjen for å få rettferdige byar også her til lands, er i Sauda i dag for å erklære byen som Noregs første Fairtrade-by.

Kjelder: Økonomisk rapport, Aftenposten og Sauda Kommune.

Les meir på nettet:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving