I Tove Nilsen si verd

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattaren Tove Nilsen trivst i si eiga verd. Så godt trivst ho at ho syns det kan vere vanskeleg å setje punktum.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oktober Forlag presenterte i dag ei innhaldsrik og spanande haustliste. Tove Nilsen er ein av dei forfattarane som kjem ut med ny bok denne hausten, og boka er det ein trygt kan kalle rykande fersk.

Tove Nilsens bok kjem i november.Tove Nilsens bok kjem i november.

Den er faktisk så fersk at Fono lydforlag må få to minutt før meg for å diskutere bokomslaget med forfattaren.

Skummelt


- Eg satte punktum i går, men det kjennest nærmast som eit komma, innrømmer Tove Nilsen då eg snakkar med ho.

- Det er slik at når ein er ferdig med ei bok, er det godt, men litt skummelt òg. Når eg skriv ein roman, er eg i ei eiga verd, og eg er så lenge inne i den verda, fortel ho. - Og det er deilig. Så deilig at eg ofte har lyst til å gå tilbake i romanen, sjølv om eg veit at siste punktum er skrive. Eg blir så «teken» av det eg skriv om. Ofte jobbar eg lenge med ein roman også før eg byrjar å skrive.

- Eg byrja på romanen tidleg, tidleg i vår, så det har i grunn gått svært raskt å skrive boka, nærmast som ein slags raptus. Og handlinga i romanen foregår i akkurat same perioden, ein vår og ein sommar, frå mai til oktober, avslører ho der ho sit i vinduskarmen på eit tilfeldig kontor i forlagslokala.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tove Nilsen har skrive bok om det å verte forelska midt i livet.Tove Nilsen har skrive bok om det å verte forelska midt i livet.

Sjølvbiografisk drama


- Og eg likar å skrive i same årstida som eg skriv om, då får eg med meg alle detaljane så mykje betre.

- Er boka sjølvbiografisk? vil eg vite.
- Ja, det er berre tull å seie noko anna, smiler ho. - Men ein kan ikkje seie at det er mine eigne personlege dagboknotatar dette her. Det er heilt uaktuelt for meg.

- Boka handler om ei kvinne som er midt i livet, som har ei mor og som sjølv er mor. Ho er nyseparert og er i ferd med å miste si eiga mor. I tillegg vert ho stormande forelska denne sommaren. Boka handlar om ein periode i livet då ein har kjensle av at alt plutseleg skjer på éin gong, at livet herjar rundt ein.

- Og ein veit ikkje kvar hendingane fører ein, ein veit berre at det skjer. Sommaren er intens, og boka handlar om det å miste, om det å vere midt i noko ein ikkje kan kontrollere. Ho er eit kjærleiksportrett av ei gammal og tyrannisk mor som er alt slike gamle damer kan vere på ein gong: tyrannisk, sur, søt, og som kan alt det vi andre ikkje kan. Ho er også eit kjærleiksportrett til to tenåringsdøtre, og sjølvsagt til denne mannen som ho møter igjen, røper ho for meg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattaren har skrive bok i hele sommar, i går var ho ferdig.Forfattaren har skrive bok i hele sommar, i går var ho ferdig.

Skriv om tabu


- Dette har i grunn vore litt tabu for meg å skrive om før, innrømmer Tove Nilsen, men no er altså boka ferdig. - Eg trur at når ein er forfattar - og har vore det ei stund - jaktar ein på historier både frå sitt eige og andre sine liv, men det er sjølvsagt mykje eg har opplevd som er for dramatisk til å skrive historier om, fortel ho openhjarta.

- Men tittelen då, kva skal den bli? Eg ser det står at tittelen ikkje er bestemt endå?

- Tittelen på boka blir mest sannsynleg «Nå, akkurat nå», fordi det er den tittelen eg har operert med heile tida. Og det er akkurat dét boka handlar om også. At det skjer no, akkurat no.

- Eller forrige sommar, om du vil, legg ho til og smiler lurt.

Mer litteratur i

Neste Klikk

:

Litteratur
Litteraturanmeldelser
Litt.klikk
Forfatterportrettet
Lydbøker

Startsiden:

Litteratur