Det kom ein gris symjande

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lars Erik Gjertsen blei noko overraska då han måtte redde ein symjande minigris frå bølgjene.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein gris av denne typen var det ein noko overraska Gjertsen drog opp i båten sin. (Ill.foto: minigris.com)Ein gris av denne typen var det ein noko overraska Gjertsen drog opp i båten sin. (Ill.foto: minigris.com)

Det er vel ikkje først og fremst grisar ein forventar å få auge på når ein er på veg heim etter ein bytur. Og i alle fall ikkje viss ein har valt båten som framkomstmiddel. Men då Lars Erik Gjertsen fekk litt motorproblem ute på Karmsundet utanfor Haugesund i forgårs kveld, gjorde den nedsette farta at han fekk god tid til å sjå seg ikring.


Trudde det var ein sel


- Plutseleg fekk eg auge på noko som sumde i bølgjene, eg trudde først det var ein sel, seier Gjertsen til

Haugesunds Avis.

Han fortel vidare at han snart såg at «selen» hadde tryne, og då forsto han at det var ein liten stovegris han hadde treft på ute på sjøen.

- Eg ropte og plystra på grisen, og då sette han kursen rett mot båten, seier Gjertsen. Den vesle grisen var meir enn villeg til å kome om bord i båten hans, og verka både letta og glad for å bli redda frå bølgjene.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Tapper, men sliten


Den vesle kosegrisen var flink til å symje, men då han var komen oppi båten var han heilt utslitt av strabasane og greide ikkje å stå på beina.

Gjertsen tok grisen med seg heim og gav han mat. Seinare kom det fram at den lille karen hadde vore med på ei TV-innspeling for TV Haugaland, og at to grisar til hadde stukke av.

Korleis det gjekk med dei to andre grisane, veit vi lite om. Neste Klikk håpar at dei hadde like bra griseflaks som den svarte krabaten Gjertsen møtte.

Meir om dyr i Neste Klikk:


ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving