Stadig fleire overgrep mot palestinarane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei israelske overgrepa mot palestinarane auka kraftig i ly av krigen mot Libanon, slår ein ny rapport fast.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I ly av Libanon-krigen trappa israelske styrkar opp overgrepa sine mot palestinerane, slår israelsk menneskerettsorganisasjon fast. (Foto: REUTERS/Abed Omar Qusini/SCANPIX) I ly av Libanon-krigen trappa israelske styrkar opp overgrepa sine mot palestinerane, slår israelsk menneskerettsorganisasjon fast. (Foto: REUTERS/Abed Omar Qusini/SCANPIX)

Jerusalem (NTB): I sinne og frustrasjon over dei store tapa landet leid, lét israelske soldatar det gå ut over sivile palestinarar på Vestbredden, konkluderer den israelske menneskerettsorganisasjonen B'Tselem.

Organisasjonen meiner å kunne dokumentere «ei betydeleg auke i talet på overgrep og audmjukingar» sidan krigen mot Libanon starta.

- Fordi offentlegheita fokuserte heilt på hendingane i Libanon, og i noko
mindre grad på kva som skjedde i Gaza, trudde soldatar at dei ikkje ville bli stilt til ansvar for overgrepa sine mot palestinerar, konstaterer
menneskerettsorganisasjonen.

Mange av overgrepa har skjedd ved dei mange israelske vegsperringane på Vestbredda, og valdsbruken var så stor at ofra måtte handsamast av lege etterpå.

B'Tselem trekkjer fram seks eksempel på kva overgrep det er snakk om, og dokumenterer korleis palestinske drosjesjåførar, grønnsakhandlarar og andre blei banka opp, til tider framføre auga på sine eigne barn. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving