Kampanje mot inaktivitet og for tidleg død

Forsking har vist at for lite fysisk aktivitet er årsaka til heile 25 prosent av alle dødsfalla i Noreg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: bigbustours.com)(Foto: bigbustours.com)

(NPK): Mangel på tid er den mest brukte grunngjevinga for at vi rører for lite på oss. Mest tidstrøbbel har folk mellom 25 og 39 år og personar med høgare utdaning. Ein prosent av dødsfalla kjem av overvekt.

Ei kartlegging Sosial- og helsedirektoratet har gjort viser at ein halv million vaksne nordmenn ikkje går ti minutt samanhengande i løpet av ei veke.

Dette er bakgrunnen for kampanjen «Hvert skritt teller» som Landsforeningen for hjerte- og lungesyke har teke initiativet til. Målet er at alle nordmenn skal gå 10.000 steg kvar dag for å motverke sjukdommar som diabetes og hjartesjukdom. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy