Satt fast i sjokolade

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kan verke som eit luksusproblem å havne oppi kilovis med sjokolade. Men for 21-år gamle Darmin Garcia vart opplevinga eit to timar langt mareritt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Flytande sjokolade kan virke freistande…(Foto: matsiden.no/) Flytande sjokolade kan virke freistande…(Foto: matsiden.no/)

Mannen frå Wisconsin, USA, arbeidde som vanleg på fabrikken Debelish, som leverer ingrediensar til sjokoladeproduksjon.

Han heldt auge med ei tank full av varm sjokolade, då han oppdaga at sjokoladen satt bom fast, melder CNN.

Vart fanga


Garcia byrja naturleg nok å skubbe på sjokolademassen. Det fungerte litt for godt, og med eit «plopp» datt han ned i tanken og vart fanga.

Massen som no omkrinsa han var på 43 grader.

Som kvikksand


Kollegaer, politiet og brannvesenet kom til, men klarte ikkje å få opp den uheldige mannen.

Men han er nok best å nyte i fast, avkjølt form. (Foto: rollag.kommune.no/) Men han er nok best å nyte i fast, avkjølt form. (Foto: rollag.kommune.no/)

Heile to timar gjekk det før dei klarte å tynne ut sjokoladen med kakaosmør og få han laus.

- Sjokoladen var rimelig tjukk. Den var verkelig som kvikksand, sa Randy Berner i politiet.

Småskader


Darmin Garcia vart behandla for mindre skadar og kunne fortsette i jobben etterpå.

Etter det varme uhellet vart han spurt om han framleis hadde sansen for sjokolade:

- Ikkje så mykje nå lenger, innrømde han.

Kanskje eit lite sjokoladebad kunne kurere alle oss som et for mykje sjokolade?

Les meir om sjokolade i Neste Klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving