Kule Kari keiar seg

Men berre nesten! Den sjølvutnemde pensjonisten har mange jarn i ilden ...

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon


Kari Traa har loppar i blodet!Kari Traa har loppar i blodet!

Kari Traa er van med merksemd frå pressa. Ho glitrar mot kamera og er fullstendig avslappa i blitzregnet då ho står på podiet og fortel om boka si, som snart er ute i bokhandlane.

- Det er mange som har spurt meg opp igjennom åra om eg vil skrive bok, men eg har liksom aldri forstått kvifor det kan vere så interessant å lese om mitt ordinære liv, kunne ei flirande Kari Traa fortelje til eit samla pressekorps på Det Norske Teateret i går, måndag.

- Men så reiste eg med SOS-barnebyar til Zibabwe og såg all jævelskapen der nede og fann ut at eg måtte bidra med noko meir enn berre å vere fadder. Så eg bestemte meg for å gi ut ein sjølvbiografi der overskotet av boka skal gå til SOS-barnebyar, fortalde det frittalande kule-esset.

Lopper i blodet


Kari Traa fortel med heile kroppen.Kari Traa fortel med heile kroppen.

Då Neste Klikk møtte Kari Traa etter haustlanseringa på Det Norske Teateret, kunne ho opplyse om at ho aldri har hatt det så travelt som etter at ho la skia på hylla.

- Eg har aldri har hatt så mykje å gjere som etter at eg pensjonerte meg. Intervju, bok og nye prosjekt som eg har drege i gang med «jækla» tøffe jenter som vil stå kulekøyring. Og dei er heilt ville altså, fortel ho med glimt i auget. - Dei er knalltøffe. Eg har ikkje høyrt dei seie at dei ikkje tør ein einaste gong.

Likevel keiar ho seg og kan ikkje vente til det vert vinter att.

- Å, eg skulle ønskje eg kunne skru tida fram frå mai til desember - for eg saknar verkeleg å stå på ski! meddelar ei sprudlande Kari Traa og flyttar seg rastlaus rundt i sofaen.

At livet har endra seg og at overgongen er stor frå å vere toppidrettsutøvar i verdsklassa til «berre» å vere Kari Traa, er tydeleg. Heile den korte tida vi snakkar med ho, sit ho med lopper i blodet. Energien boblar nesten over for den smilande og imøtekommande jenta, som villig vekk fortel om livet sitt etter siste skisesong som profesjonell, og om boka ho snart skal gi ut.


Engasjert oppfordra Kari alle til å kjøpe boka hennar.Engasjert oppfordra Kari alle til å kjøpe boka hennar.

- Og i tilfelle ein synes boka er keisam, følgjer det med både strikkeoppskrift og panneband, i tillegg til at ein støttar arbeidet til SOS-barnebyar. Altså, eg trur ikkje boka er dårleg, ler ho. - Men eg har altså sprita ho opp med blant anna ei strikkeoppskrift, seier ho og ler endå meir.

Stort hjarte og store planar


Sjølvbiografien «Kari» er skriven i samarbeid med Sarah Sørheim og er historia om Kari Traa som vart folkehelt i ein idrett få hadde høyrt om tidlegare. Jenta vart ein vinnar, ei merkevare og eit idol for mange, med sitt gode humør, pågangsmot og ein god dose galskap. I denne boka har ho samla barndomsminne, ho fortel om OL-gullet og korleis ho fekk ein eigen kleskolleksjon. Og boka er sjølvsagt skriven på nynorsk.

- Det blir nærare meg på den måten. Det er nynorsken eg kjenner meg vel med, det er den som er meg, innrømmer eks-kulekøyraren, som også fekk prisen «Årets Nynorskbrukar» under Dei Nynorske Festspela tidlegare i år.

No kjem historia om jenta frå Voss som vart OL-meister. (Foto: Damm Forlag)No kjem historia om jenta frå Voss som vart OL-meister. (Foto: Damm Forlag)

- Dessutan hadde dei vel trekt tilbake prisen om eg hadde skrive boka på bokmål, seier ho lurt, før ho gapskrattar og forsikrar meg om at det aldri hadde vore aktuelt og at ho er kry av den flotte prisen.

- Og kanskje kan boka føre til at ungdommar lærer seg betre nynorsk når dei les ho, og det er positivt, held Kari fram.


Men så blir vi avbrutt av informasjonssjefen i Damm forlag. Kari Traa får nemleg ikkje gi intervju til pressa før boka er ute, berre kommentarar.

Men jamen fekk vi lurt oss til eit lite intervju likevel, før det var klart for nestemann. For Kari Traa er populær som aldri før, sjølv om ho lever pensjonisttilveret. Det er dei stadige presseintervalla eit klart prov på. Det blir spanande å sjå om ho verkeleg taklar å ha dei skia liggande på hylla så lenge.

Kari Traa sine eigne sider

Mer litteratur i

Neste Klikk

:

Litteratur
Litteraturanmeldelser
Litt.klikk
Forfatterportrettet
Lydbøker

Startsiden:

Litteratur

Personvernpolicy