Måtte avlive hunden etter tur med danskebåten

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein svipptur til Danmark blei ei traumatisk oppleving for Torun og Kristoffer Nore frå Oppegård.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Basseten Eddie måtte bøte med livet på grunn av dårleg informasjon hos ferjeselskapet Masterferries. (Ill. foto: gotpetsonline.com)Basseten Eddie måtte bøte med livet på grunn av dårleg informasjon hos ferjeselskapet Masterferries. (Ill. foto: gotpetsonline.com)

Ekteparet Nore frå Trollåsen i Oppegård, var på hytta i Arendal då dei fekk eit godt tilbod om ein danmarkstur med selskapet Masterferries.

Dei bestemte seg for å slå til, og ringde selskapet for å høyre om dei kunne ta med seg bassethunden Eddie (3). Beskjeden dei fekk var at det var heilt greitt å ta med seg hundar innan Skandinavia.

Mangla sprøyter


Eddie fekk dermed vere med på tur frå Kristiansand til Hanstholm, og alt var såre vel heilt til dei kom tilbake til gamlelandet. Då fekk dei nemleg vite at Eddie mangla to ormekurar og ei rabiesspøyte for å sleppe inn igjen i Noreg. For å få dette til måtte hunden ha tilbrakt fire månader i isolat og karantere i Danmark.

- Dette var ikkje noko alternativ for oss, seier Torun Nore til Fædrelandsvennen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Måtte avlivast


Dei fortvila hundeeigarane kontakta Mattilsynet, men dispensasjon var ikkje mogleg. Dermed måtte Eddie bøte med livet.

- Det var ei traumatisk oppleving. Eddie var berre tre år, og frisk og fin. Det er jo ganske paradoksalt at ein norsk hund ikkje skal få sleppe inn i landet berre fordi han har vore ein liten tur utaskjærs, seier Nore vidare.

Eigaren har anvaret


Masterferries opplyser på nettsidene sine om at eigaren sjølv har ansvar for at vaksinar og papir er i orden når ein tek med seg dyr på tur.

Torun og Kristoffer Nore har ikkje tilgang til internett på hytta, og dermed ikkje moglegheit til å få denne informasjonen før dei reiste.

Skaffa ny hund


Paret skaffa seg ny hund få dagar etter hendinga, og vil gå vidare med saka for å få dekning for tort og svie i tillegg til dekning av utgiftene i samband med avliving og kjøp av ny hund.

Masterferries meiner dei har sitt på det tørre i saka, og er ikkje redde for eit søksmål.

Meir om dyr i Neste Klikk:


ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving