Mykje å takke Lilletun for

Nynorsk Kultursentrum flaggar på halv stong i dag, for å markere at Lilletun er borte.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Jon Lilletun døydde i natt. (Foto: Stortinget.no)Jon Lilletun døydde i natt. (Foto: Stortinget.no)

- Vi heidrar livsverket til den rause og alltid pålitelege Jon Lilletun ved å flagge på halv stong i Ivar Aasen-tunet i dag. Det gjer vondt å vite at han no er borte, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Døydde i natt


Jon Lilletun (60) døydde i natt etter lengre tids sjukdom, kunne NRK melde like etter klokka ni i dag. Han har vore kyrkje- og utdanning- og forskningssminister og var i seinare tid parlamentarisk leiar for Kristeleg Folkeparti.

Lilletun vart permittert frå vervet som parlamentarisk leiar sidan februar 2005, då det vart klart at han hadde kreft.

Fire stortingsperiodar


I 2005 gjekk han likevel inn i sin fjerde periode på Stortinget og var mellom anna visepresident i Lagtinget.

I ei pressemelding frå nynorsk kultursentrum seier direktør Ottar Grepstad at Jon Lilletun var ein av dei viktigaste medhjelparane på Stortinget i arbeidet med å realisere Ivar Aasen-tunet.

Mykje å takke for


- Nynorskbrukarar over heile landet har mykje å takke Lilletun for. Vi gjer det i djup respekt for det Lilletun stod for, og sender våre varmaste tankar til hans nære og kjære, seier Ottar Grepstad.

- Jon var lett å bli glad i, derfor var så mange glade i han. Det store tomrommet han no etterlét seg er ein djup og smertefull realitet for alle oss i partiet og i det politiske miljøet. Han vil bli djupt sakna av vener, kjende og ukjende, seier partileiar Dagfinn Høybråten til NRK.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy