Prikkbelastning stoppar ikkje grisekjørarane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ordninga med prikkbelastning i trafikken fungerer ikkje slik vegstyresmaktene har lagt opp til.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: abc.net.au)(Foto: abc.net.au)

(NPK): Systemet er lagt opp slik at lappen ikkje ryk med det same den åttande åttande prikken er eit faktum.

- I teorien kan enkelte kjøre med åtte prikkar i månader og år. Nokon kan kjøre med både ni og ti prikkar, stadfestar politiinspektør Jan Guttormsen i Politidirektoratet overfor Aftenposten.

Årsaka til at folk kan halde fram med å kjøre rundt med åtte prikkar, er at prikkane ikkje blir registrerte før ein har fått ein dom eller eit rettskraftig vedteke førelegg der det går fram at førarretten går tapt.

Difor tek det tid frå ein sjåfør pådreg seg prikkar til dei blir registrerte, seier Guttormsen.

Prikkbelastning vart innført den 1. januar 2004 som reaksjon overfor førarar som stadig bryt regelverket. Med åtte prikkar over ein treårsperiode skal førarretten dragast inn for seks månader. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving