Meir trøyst i TV enn i mor

Artikkelen fortsetter under annonsen

Distraksjonskrafta frå ein TV kan vere ein effektiv smertelindrar for barn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: game.co.za)(Foto: game.co.za)

(NPK): Teiknefilmar gjev betre trøyst enn sjølv mor kan gje, viser ein ny italiensk studie.

Studien testa ut i kva grad teiknefilmar på TV kunne fungere som smertelindrar når 7-12-åringar skulle ta blodprøve. Dei som såg TV, opplevde halvparten så mykje smerte som dei som vart trøysta av mor.

Carlo Bellieni ved universitetet i Siena i Italia, som er hovudmannen bak studien, seier til avisa USA Today at resultata er urovekkjande.

- Makta til fjernsynet er sterk og kan vere skadeleg for barn dersom ho er sterkare enn det mor kan utrette for å distrahere barna. Eg trur denne makta må kontrollerast og reduserast, seier Bellieni. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving