Meny

Ordførarar skal kunne sparkast

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ei ordning med «mistillitsforslag» og «kabinettsspørsmål» i kommunepolitikken kan bli prøvd ut i 50 kommunar i haust.

(Foto: editorial.jpress.co.uk)(Foto: editorial.jpress.co.uk)

(NPK): For tredje gong blir det gjort forsøk med direkteval av ordførar ved kommune- og fylkestingsval, sjølv om det ikkje har ført til auka valdeltaking slik ein håpa på. 50 kommunar skal likevel eksperimentere vidare.

Hovudkritikken av ordninga er at ein vil kunne koma i den kinkige situasjonen at kommunen får ein ordførar som ikkje har fleirtal bak seg. Men statssekretær Dag Henrik Sandbakken i Kommunal- og regionaldepartementet seier til Aftenposten at departementet vil oppmode dei 50 kommunane å prøve med utvida mynde. Det vil seia ein variant av mistillitsforslag og kabinettspørsmål slik at ein ordførar i mindretal kan gå av sjølv eller bli pressa til å gå av.

Denne gongen skal alle kommunane prøve etter éin modell, såkalla preferanseval, som hittil berre er prøvd ut i Alvdal kommune, seier Sandbakken til Aftenposten. (NP

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus