Israel vurderer forhandlingar med Syria

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tel Aviv (NTB): Israels utanriksminister Tzipi Livni har oppretta ei arbeidsgruppe som skal vurdere høvet for å innleie forhandlingar med Syria.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Israels utanriksminister Tzipi Livni vil vurdere høvet for å forhandle med Syria, eit land statsminister Ehud Olmert offisielt ikkje vil ha noko med å gjere. (Foto: REUTERS/Yossi Zamir/Pool/SCANPIX)Israels utanriksminister Tzipi Livni vil vurdere høvet for å forhandle med Syria, eit land statsminister Ehud Olmert offisielt ikkje vil ha noko med å gjere. (Foto: REUTERS/Yossi Zamir/Pool/SCANPIX)

Blant dei som alt er spurde til råds er professor Itamar Rabinovich som leia forhandlingane med Syria under statsminister Yitzhak Rabin på midten av 1990-talet, og Uri Sagi som var forhandlingsleiar under statsminister Ehud Barak nokre år seinare, skriv Haaretz.

Forsvarsminister Amir Peretz sa i førre veke at Israel nå bør førebu seg på å gjenoppta fredsforhandlingane med Syria, som braut saman i 2000.

- Ein kvar krig gir høve for å utvide den politiske prosessen. Vi må innleie samtalar med Libanon og leggje forholda til rette for ein dialog med Syria, sa Peretz.

Israel har okkupert dei syriske Golan-høgdene sidan 1967 og nektar å etterkomme gjentekne FN-resolusjonar som krev momentan tilbaketrekking.

President i Syria, Bashar al-Assad, slo i førre veke fast at ein fredsavtale forutset full israelsk tilbaketrekking, noko han ikkje forventar med det første. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving