Radio og vekeblad mistar reklamekroner

Internett og direktereklame er vinnarane i annonsemarknaden.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Vekeblad og radio tapar i kampen om reklamekronene, viser nye tal frå Mediebyråenes Interesseorganisasjon (MIO).

Så langt i år har omsetninga for direktereklame auka 163,4 prosent. For Internett er framgangen 66,3 prosent samanlikna med same periode i fjor, skriv dn.no.

Vekepresse og magasin har tapt 11,3 prosent av omsetninga i forhold til fjoråret, medan radio-annonseringa er redusert med 12,8 prosent.

Hittil i år er medieomsetninga på 3,6 milliardar kroner, mot 3,2 milliardar i same periode ifjor. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy