Meny

Ekstremkulde kan løyse atomavfallsproblemet

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ei gruppe tyske forskarar har oppdaga ein metode for å uskadeleggjere radioaktivt avfall på rekordtid.

(NPK): Metoden går ut på å fryse innstøypt atomavfall ned i ekstrem kulde.

Forskarteamet, leia av astrofysikaren Claus Rolfs ved Ruhr-universitetet i Bochum, meiner teknikken kan gjere det unødvendig å grave kjernefysisk avfall ned i bakken. Han hevdar oppdaginga kan gjere avfallet uskadeleg i løpet av få tiår.

Norske fysikarar er likevel skeptiske til det tyske gjennombrotet, som dei meiner uansett må underbyggjast med meir forsking.

- Det som ligg føre no, er for tynt til å kunne trekkje nokon konklusjonar. Så dramatiske effektar trur eg på når eg ser dei dokumentert, ikkje før, seier professor Per Hoff ved Kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo til Teknisk Ukeblad. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus