Libanons hær rykkjer inn i Sør-Libanon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Libanesiske soldatar har kryssa Litani-elva på veg til stillingar i Sør-Libanon, som dei siste åra har vore kontrollert av Hizbollah.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Flyktningar har allereie byrja å vende attende til eit krigsherja Sør-Libanon, som denne mannen i landsbyen Marjayoun. Nå rykkjer Libanon sin hær inn i Sør-Libanon, som til no har vore kontrollert av Hizbollah. (Foto: REUTERS/Karamallah Daher/ SCANPIX) Flyktningar har allereie byrja å vende attende til eit krigsherja Sør-Libanon, som denne mannen i landsbyen Marjayoun. Nå rykkjer Libanon sin hær inn i Sør-Libanon, som til no har vore kontrollert av Hizbollah. (Foto: REUTERS/Karamallah Daher/ SCANPIX)

Beirut (NTB-DPA-Reuters): Lastebiler, pansra personellkøretøy og jeepar kryssa elva over Khardalibrua i femtida torsdag morgon, rapporterer ein korrespondent frå Reuters.

Litani-elva ligg om lag 20 kilometer nord for grensa mellom Libanon og Israel. Området sør for elva har tradisjonelt vore ein bastion for Hizbollah.

Saman med ein FN-styrke på opp til 15.000 mann skal dei libanesiske
soldatane ta kontroll over Sør-Libanon, og hindre at Hizbollah skyt rakettar mot Israel.

Libanesiske soldatar jobba på spreng onsdag kveld og natt til torsdag med provisoriske reparasjonar av bruer og vegar som blei øydelagde av israelsk bombardement, for å få fram utstyr og soldatar.

Det er første gong på fleire tiår at den libanesiske hæren skal utplasserast langs grensa til Israel, der Hizbollah har hatt kontroll dei siste åra. I første omgang er det snakk om 2.000 soldatar som rykkjer
inn med støtte frå stridsvogner og pansra køyretøy, opplyste ein høgtståande offiser onsdag kveld. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving