Ti tonn kakaosmør på jordet

Artikkelen fortsetter under annonsen

I natt gjekk noko feil på Minde sjokolade sin fabrikk i Bergen. Resultatet blei at bonde Jon Henning Gjerde no har Noregs søtaste jorde.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er nesten Charlie og Sjokoladefabrikken - tilstandar på Minde i Bergen i dag. (Ill.foto: Chocholate.org)Det er nesten Charlie og Sjokoladefabrikken - tilstandar på Minde i Bergen i dag. (Ill.foto: Chocholate.org)

Det høyrest ut som alle barns draum, eller noko frå Charlie og Sjokoladefabrikken. Men bonden var mest uroleg for kva som hadde skjedd viss sauene hadde fått i seg kakaosmøret. Dei skulle nemleg ha beita akkurat der.

Sauene fekk ikkje smake


- Det var eigentleg greitt at eg ikkje hadde fått sauene ut på beitet. Eg er redd dei hadde fått magetrøbbel viss dei hadde fått i seg dette, humrar Gjerde til VGNett.

Dei tilsette på sjokoladefabrikken slapp alt dei hadde i hendene og jobbar på spreng for å finne årsaka til lekkasjen.

Ventilfeil


- Truleg er det ein ventil som ikkje har greidd å halde tett, seier produksjonsdirektør Jan Brevik i Brynhild Gruppen.

Heldigvis var ikkje sauene på beitet sitt. Då hadde dei fått vondt i magen. (Illustrasjonsfoto: animalinyou.com)Heldigvis var ikkje sauene på beitet sitt. Då hadde dei fått vondt i magen. (Illustrasjonsfoto: animalinyou.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I følgje Fanaposten er delar av produksjonslokalene også dekte av kakaosmøret, og produksjonen er stoppa.

Isbre av kakao


Kakaosmør smeltar ved 35 grader, og dei ti tonna har etterkvart størkna til ein stiv, masse på jordet til Gjerde.

- Eg trudde ikkje mine eigne auge. Det såg ut som ein gulkvit isbre som var runne utover jordet mitt, sa Gjerde til VG Nett.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving