Kronprinsparet sitt gjestebod i Toronto

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kronprinsparet inviterte til gjestebod i Toronto tysdag kveld.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: kongehuset.no)(Foto: kongehuset.no)

Toronto (NTB): 150 deltakarar frå den internasjonale aidskonferansen deltok på mottakinga for å bli kjende og utveksle erfaringar.

Representantar frå både norske og internasjonale organisasjonar, samt regjeringsrepresentantar, delegatar frå kyrkjesamfunn og ikkje minst hivpositive var invitert til mottakinga i Granite Club i Toronto tysdag kveld.

- Vi trur det er gjennom direkte kontakt med menneske at vi kan lære av kvarandre og overvinne våre eigne barrierar, sa kronprinsesse Mette-Marit då hun ønskte velkomen til mottakinga.

- Det er mer ved oss enn andre kan sjå ved første augnekast. Det gjeld også min mann. Han er kronprins av Noreg, men også ein ivrig surfar og relativt god på gitar, framheldt kronprinsessa.

Også Mette-Marit sin sjef i FN-organet UNAIDS, Peter Piot, deltok på gjestebodet tysdag, og hadde mykje fint å seie om innsatsen til kronprinsessa.

- Ho er eit fantastisk sendebod og når ut med ein bodskap til menneske vi elles ikkje ville ha nådd. Ho er svært viktig for arbeidet vårt, sa UNAIDS-direktør Peter Piot til NTB da han kom til mottakinga. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving