Vel kø framfor rask behandling

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er få pasientar som nyttar seg av retten til fritt sjukehusval.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Sjølv om nordmenn har hatt denne retten sidan 2001, ser det ut til at dei fleste i staden aksepterer å stå i kø og vente på plass ved sitt «eige» sjukehus.

Det var ynskjet om å redusere sjukehuskøen og utnytte kapasiteten betre ved sjukehusa som var grunngjevinga for fritt sjukehusval.

Ei sikker oversikt over kor mange som nyttar seg av tilbodet ligg ikkje føre, men SINTEF-tal frå 2003 viste at det berre var 47.000 pasientar som valde eit anna sjukehus for å sleppe å stå på venteliste, skriv Aftenposten.

Alt tyder på at situasjonen framleis er slik, og no meiner fleire legar at systemet ikkje fungerer.

Spørjeundersøkingar tyder på at berre ein av seks pasientar blir informerte om retten til å velje sjukehus når dei er hos fastlegen sin. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving