Med sans for det valdelege

Artikkelen fortsetter under annonsen

Debutanten Olav Kristiseter dyrkar vald og mørke på same tid som han går kritisk ut mot veletablerte forfattarar. Sjølv kjenner han seg litt misforstått.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Debutanten Olav Kristiseter er denne veka ute med valdsromanen «Blodlenka». (Foto: Sverre B. Graff)Debutanten Olav Kristiseter er denne veka ute med valdsromanen «Blodlenka». (Foto: Sverre B. Graff)

Tidlegare denne veka vart boka «Blodlenka» lansert på Samlaget, «ei historie så full av vondskap og brutalitet at det saknar sidestykke», ifølgje forlaget. Ei bra bok som skiljer seg ut - meiner forfattaren sjølv.

«Blodlenka» er eit familiedrama om tre brør som vert terrorisert av ein valdeleg og kontrollerande far. Faren, pater familias Manasses, er lam og sit lenka til rullestolen. Likevel hersar han med dei tre og set dei opp mot kvarandre. Boka er ein oppvekstroman og eit familiedrama der lesaren følgjer den eine guten, Magnar, sin kamp og oppvekst.

Og sjølv om boka så vidt er ute, har pressa nærmast kasta seg over debutanten. Sterke uttalingar som at Erlend Loe og Edvard Hoem skriv platt, uinteressant og drepande kjedeleg, gjer at den ferske forfattaren får merksemd så det monnar om dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg møtte Olav Kristisete den dagen han for første gong sat med den nye boka si i hendene.

All PR god PR?


- Kjem du med kritiske utsegner for å skape merksemd og blest om di eiga bok?

- Nei, nei, avkreftar Olav raskt. - Denne merksemda var ikkje planlagd av nokon, og i ettertid ser eg at det kanskje vart litt dumt, innrømmer Olav sjølv. - Men det eg meiner er at eg samanliknar mi bok med det eg ikkje likar å lese sjølv, og for å påpeike kva ein sjølv synst brukar ein ofte samanlikningar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Mykje av den litteraturen som kjem ut no om dagen held ikkje for meg, opplyser den frittalande debutanten. Eg trur folk flest lett gløymer enkelte av disse bøkene, mellom anna fordi dei inneheld for mange klisjear. Mørke bøker er dei som grip tak, seier Olav overbevist.

- På same måte mislikar eg alle disse skrivekursa, heldt han kritisk fram.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er sikkert veldig koseleg og gøy å sitje i grupper å løyse oppgåver og skrive tekstar i lag, seier han ironisk, men alt vert så likt på den måten. Eg har lita tru på ei slik skriveform.

- Alle har si eiga rytme og skriving er noko ein må gjere sjølv. Eg er eit rutinemenneske som skriv to timar kvar dag, og det første eg gjer kvar morgon er å lese over kva eg skreiv dagen før. Slik sorterer eg ut eventuelle klisjear, røper han.

- Men di eiga bok, den er fantastisk den då, eller?

Slik framstår bandet «Manngard» på heimesidene sine. Ikkje mykje lystbetont akkurat. (Foto: Manngard.net)Slik framstår bandet «Manngard» på heimesidene sine. Ikkje mykje lystbetont akkurat. (Foto: Manngard.net)

- Det vert feil å seie det på den måten også. Men dette er ei bok som eg håper folk vil hugse, ei bok som seier noko meir og som gjer inntrykk på lesaren.

«Blodlenka» er eit ærleg forsøk på å gi ut noko som sparkar.

Det er derfor ikkje så farleg kva andre meiner. Kritikarane må gjerne slakte ho, eg er likevel godt nøgd med arbeidet mitt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Olav Kristivik er også musikar som er på veg opp og fram i bandet «Manngard», der han skriv tekstar om vald, tortur, sex og mørkre, og den same tematikken som i «Blodlenka»; tre brør og ein valdeleg tyrann av ein far.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gamle segn og historier

- Men du som dyrkar vald og mørke i fleire former; kvar er det du hentar inspirasjonen i frå?

- Ein god ven av meg, trommeslagaren i Manngard, hadde ein bestefar som fortalde mange segner og historier som skulle ha hendt på 17-1800 talet. Dette var familiedrama der handlinga skjer på bygda.

- Desse segnene, og andre eg har høyrt, har vore til stor inspirasjon for meg, både når eg skriv tekstane til Manngard, som gjerne handlar om dei same brørne, og til den skjønnlitterære skrivinga mi, som vart til «Blodlenka».

Olav er svært alvorleg på bilete. Personleg meiner underskrevne at skinnet bedreg! (Foto: Sverre B. Graff)Olav er svært alvorleg på bilete. Personleg meiner underskrevne at skinnet bedreg! (Foto: Sverre B. Graff)

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Bestefaren fortalde mellom anna ei segn om ein mann som ikkje hadde skikkeleg jobb, noko som var ei dødssynd på denne tida, og som enda opp som uteliggjar. Innbyggjarane i bygda gjekk manngard etter denne mannen, med lange stikker for å finne han, og då dei fann han slo dei han i hjel. Olav har fortalt ferdig og bryt ut i eit ubestemmeleg glis, før han ser mi forferding, då sluttar han å smile og ser heller litt usikker ut.

Vald og atter vald


- Men er det naudsynt å bruke vald, mørke og tortur for å skrive ei bra bok? Er det ikkje nok vald og ondskap i verda? spør eg naivt, men oppriktig.

Olav ler og smiler breitt før han svarar.

- Jau det er i grunnen det, men eg brukar valden og dei dramatiske hendingane som eit verkemiddel. Valden i seg sjølv er ikkje viktig, det er det valden gjer som er viktig. Vald gjer at det skjer ei handling, det er eit verkemiddel eg brukar for å hindre det i å verte kjedelig.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er ikkje meininga å støyte folk i frå meg, men eg vil lage noko som ikkje er slapt.

Det er til dømes mange som ser svært valdelege filmar utan å synast at det er forferdeleg av den grunn. Til dømes er det mange som let seg underhalde av Tarantino-filmane. Målet mitt er at lesaren skal sitje igjen med eit slags søkk i seg, ein skal ikkje gløyme boka så lett etterpå, fortel han. Og det ser faktisk ut som om han meinar det også.

- Er det noko kjærleik i boka di då, eller er det berre vald?

(Foto: Det Norske Samlaget)(Foto: Det Norske Samlaget)

- Njeeeiii... han dreg på det før han svarar. - Det er vel heller ein forvridd form for kjærleik, må han til slutt medgi. - Kjærleik er vel ikkje akkurat det eg likar best å skrive om. Eg har allereie byrja å skrive på mi neste bok, og det går ikkje akkurat så bra der heller, for å sei det slik.

Snill gutt?


- No er det snart duka for festivalen «Hole in the sky» i Bergen, og det er aldri så lite bråk eller vald i byen som når denne festivalen går av stabelen, seier han skråsikkert. - Det kjem av at då får ein frustrasjonen og sinnet ut via musikken. Så slepp ein å vere dumme med kvarandre, legg forfattaren til, oppriktig og enkelt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg er faktisk ein ganske morosam og koseleg fyr til vanleg, seier han brått. Olav smiler og flakkar litt med blikket. - Det er slik at eg føler meg skikkeleg sosial og hyggjeleg etter at vi til dømes har spelt musikken vår, seier han. - Og eg er gjerne med på ablegøyer, men det passar mest på fritida, ikkje i kunsten. Eg vert faktisk positivt oppstemt av det, det er ein trigger for meg, røper han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Litt etter litt greier han faktisk å overbevise meg om akkurat dét. Han smiler og ler. Og når eg innimellom kjem med direkte spørsmål som overraskar han, trur eg faktisk han raudnar litt også...

Mørk litteratur, mørk musikk


- Kvifor er du så opptatt av det valdelege og mørke i kunsten, Olav

- Det er ein slags reinsingsprosess... byrjar Olav. Han stoppar opp litt. Eg spør med undring: er vald og mørke ei reinsing? Olav ser på meg med eit kort blikk og heldt fram. - I kunsten vert det brukt eit gresk begrep, katarsis, som tyder reinsing. Er ein vitne til traumatiske opplevingar i kunsten, skjer det ei slags innvendig reinsing, ein føler seg betre etterpå, fortel debutanten.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Olav Kristiseter meiner traumer og vald kan føre til reinsing. (Foto: Sverre B. Graff)Olav Kristiseter meiner traumer og vald kan føre til reinsing. (Foto: Sverre B. Graff)

- Og slik har eg det i alle fall, med både musikken og skrivinga, kan han fortelje.
- Eg trur ein sit igjen med noko anna etter endt lesing. Sinnet, frustrasjonen og mørkret får eg ut med musikken vi spelar. Etterpå kjenner eg meg mykje betre. Det er dette eg håper å oppnå med «Blodlenka».


Eg tek mot til meg og spør freidig nokre kjappe spørsmå heilt til slutt:


- Har du kjærast?

- Jada, det har eg, seier Olav overraska.

- Kva synest ho om at du skriv slik?

- Ho synes det er flott at eg endelig har fått det til og at eg er ferdig.

- Har du brør? Eg heldt fram med dei direkte spørsmåla mine.

- Nei, svarar Olav.

Har du hatt ein grusom barndom?

- Nei, flirar han. Langt ifrå!

- Har du hatt ein valdeleg og tyranniserande far? dristar eg meg til å spørje.

- Nei, eg har verdas snillaste far, ler han igjen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kva synest familien din om dette, då?

- Jau, dei synest det er fint dei, kan Olav oppriktig fortelje meg. - Men ... legg han til mens han reiser seg: det vart kanskje litt mykje med forsida på Romsdals Budstikke her om dagen, smilar han skeivt, før han tek jakka si og går til neste intervjuavtale, for å sjokkere enda litt meir.

Her finn du meir informasjon om gruppa

«

Manngard

»

NB: Boka «Blodlenka» vert gjeven ut på Det Norske Samlaget

Mer litteratur i

Neste Klikk

:

Litteratur
Litteraturanmeldelser
Litt.klikk
Forfatterportrettet
Lydbøker

Startsiden:

Litteratur