Meny

Heilt unødvendige ting

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Noko av det du har i skapet, brukar du sjeldan. Berre innrøm det.

Eggekokar. Kva er galt med ein kjele? (Foto: nettopp.loevenhoff.com)Eggekokar. Kva er galt med ein kjele? (Foto: nettopp.loevenhoff.com)

Du har nok noko du og, som var litt artig då det kom i hus, men som du aldri brukar.

Det dreier seg om ein type gjenstandar ein gjerne har i skapet, og som ein kanskje kunne levd like bra utan. Eg snakkar om dei praktiske duppedittane.

Kva er gale med ein kniv?


Eggdelaren for eksempel. Veldig praktisk altså. Men kvifor i all verda kan ein ikkje berre bruke ein kniv til å skjere opp egg med? Brødskjeraren kjem i same kategori.
Og så vidare, eg nemner i fleng:

Fotvarmar. Kva er galt med sokkar? Og kva gjer ein når ein skal gå? (Foto: best-buy.com)Fotvarmar. Kva er galt med sokkar? Og kva gjer ein når ein skal gå? (Foto: best-buy.com)

  • Eggekokar

  • Brødbakemaskin

  • Automatisk boksopnar

  • Eit instrument til å kakke hol i egget med

  • Eplemaskin (tar ut kjernen, skrellar eplet og lagar skiver i ein og same operasjon)

  • Mandelkvern

  • Bønnesnittar

  • Morellsteinfjernar

  • Nasehårklippar

  • Fotvarmar

  • Saunabelte (som varmar opp mageflesket og gjer deg slank som ein sylfide på eit blunk)

  • Riskokar

Kva er gale med ein kjele?

Alt saman ting folk sikkert har vridd hovudet av ledd for å finne opp, og mange av dei har sikkert gjort livet lettare for somme. Men sånn til kvardags, viss ein ikkje kokar ris kvar dag, så er det faktisk lettare å koke han i ein kjele enn å gå ned i kjellaren og leite fram riskokaren.

Dette er ein bønnesnittar. Kjekk å ha. (Foto: gibud.no)Dette er ein bønnesnittar. Kjekk å ha. (Foto: gibud.no)

Når ein slik duppeditt kjem i hus, kan dei som er opne for ny teknologi uansett juble og skjere brød/ koke ris/ skrelle eple til den store gullmedaljen dei første vekene med det nye vedunderet.

Gledesdreparar


Dei som er av den meir skeptiske typen tenkjer med ein gong - har vi no verkeleg bruk for dette då? - Gledesdreperar, grinebiterar, tenkjer dei som er opne for ny teknologi uansett då.

No har du sikkert din favoritt blant desse eksempla, noko du ikkje kan klare deg utan. Overgangen mellom kva som er dumt og unyttig og det kjekke og praktiske er jo glidande og ofte opp til auga som ser.

Eg, ein grinebiter


Du får ha meg unnskylt. Eg er ein av grinebitarane, gledesdreparane. Eg fekk meg ikkje videospelar før video var heilt ut, og bil har eg endå ikkje skaffa meg, av rein skepsis til nymotens tullball.

Kaffimaskin og oppvaskmaskin har eg heller ikkje. Desse har eg vurdert, men dei er begge på grensa av kva eg kan tole av fiksfakserier.

Er du ein av dei skeptiske eller er du ein av dei som er opne for ny teknologi uansett?

Har du ein tullete dings i skapet som ikkje står på lista mi?

Skriv gjerne ein kommentar i feltet heilt nederst.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus