Best med føremiddagskirurgi

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein ny studie viser at føremiddagen er den beste tida å operere på for å unngå komplikasjonar og alvorlege etterverknader i samband med kirurgiske inngrep, skriv Dagens Medisin.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: beaumontpressroom.com)(Foto: beaumontpressroom.com)

(NPK): Ei gruppe ved Duke University har analysert data frå meir enn 90.000 kirurgiske inngrep og fann at operasjonar påbyrja mellom klokka 15 og 16 hadde størst andel komplikasjonar.

I perioden fram til lunsj, mellom klokka ni og 12 på føremiddagen, var det lågast andel komplikasjonar.

Både naturlege endringar i smertenivået i kroppen i løpet av dagen, slitne sjukehustilsette og ikkje minst endringar i både kirurgisk og administrativt personell i samband med ulike skift på sjukehuset, vert trekt fram som dei mest sannsynlege årsakene til at føremiddagen kjem best ut. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving