Meny

Ringenes Herre på nynorsk

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Her er ein godbit for alle som er opptekne av hobbitar, alvar og nynorsk.

Gandalf skal snakke nynorsk. (Foto: xanga.com)Gandalf skal snakke nynorsk. (Foto: xanga.com)

Forlaget Tiden skal omsetje «Ringenes Herre» til nynorsk. Triologien vil få namnet «Ringdrotten», melder Klassekampen.

Gamle, fine ord

Til avisa fortel omsetjaren, Eilev Groven Myhren, at Tolkien var oppteken av å bruke gamle engelske dialektord.

- Språket til Tolkien er ei blanding av høg og låg stil, alderdommelege trekk og trekk frå talemålet, seier han.

Betre på nynorsk


Sjølv vekslar han mellom ulike nynorsknormalar og rettskrivingsreformar når han set om «Ringenes Herre».

Hobbiten Frodo må jo bli endå betre på nynorsk? (Foto: Wikipedia)Hobbiten Frodo må jo bli endå betre på nynorsk? (Foto: Wikipedia)

- Det kan la seg gjere på nynorsk, men ikkje på bokmål.

I følgje Nynorsk Pressekontor har Myhren hovudfag i musikkvitskap, men han har også studert norsk, folkeminne og norrønt. Han er født i 1973 og har frå han var ganske ung vore interessert i bøkene til Tolkien.

Forlaget reknar med at «Ringdrotten» er klar for utgjeving i slutten av november.

Meir om «Ringenes Herre»

i Neste Klikk:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus