Vann du «Åleine i alpane» av Ragnar Hovland?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fem heldige vinnarar får eit kresent utval frå jubileumsboka i posten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då Ragnar Hovland i 1999 hadde vore forfattar i tjue år, feira han jubileet med å gje ut tjue bøker i eitt.

Resultatet blei gitt ut samla mellom to permar, ein murstein som inneheldt tidlegare uutgjeve materiale frå den vestlandske surrealisten si mangfaldige verd.

Boka blei fort utseld, og dei beundrerane av vestlandsk surrealisme som var litt treige av seg, blei lange i maska då dei kom for seint til å eige denne kultboka.


Ikkje noko mager trøyst


Gleda var derfor stor då boka dukka opp igjen sju år seinare, til og med i eit kresent utval.

961 sider har blitt til 405 sider, trøysta er altså ikkje fullt så tjukk som «the real thing», men noko mager trøyst har det heller ikkje blitt.

Vi lurer jo litt på kva vi har gått glipp av vi som ikkje fekk tak i den første, usensurerte jubileumsutgåva.

Men no har vi i alle fall fått noko av det, og Ragnar Hovland forsikrar oss i det nyskrive forordet at mykje av det viktigaste er på plass. Og at det framleis er ei tjukk bok, for dei som er opptatt av å skryte av å ha lese tjukke bøker.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I pocketutgåva av «Åleine i alpane» finn ein både teikneserieromanen «Hestar i regn», ei minnebok med minner om alt frå Åge Samuelsen til Robinson Crusoe, og ei draumebok der ein av draumane er slik som dette:

«Eg var blitt 50 år. Det var svært ubehageleg, og eg skjønte ikkje korleis det var gått til.»

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA


For dei treigingane som verken fekk tak i førsteutgåva, eller hadde fått somla seg til å gå og kjøpe pocketutgåva som faktisk kom i vår, men som framleis hadde lyst til å lese ho, spurde vi kva debutboka til Ragnar Hovland heitte.

Det var mange som visste svaret, nemleg at boka heitte «Alltid fleire dagar» og kom i 1978. Av desse har vi plukka ut fem som får «Åleine i alpane» i posten kva dag som helst:

  • Siv Marøen, Fyllingsdalen
  • Odd Arne Kvangardsnes, Ålesund
  • Torodd Lybeck, Fagernes
  • Leif-Adrian Solvang, Nyborg
  • Lilian Andreassen, Mo i Rana

Grattis! Og kos dykk med lesinga.

Les meir i Neste Klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving