Kor fordomsfri er du eigentleg?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Trur du at du ikkje har fordommar? Trur du at du er like open overfor alle menneske? Då tar du nok kanskje feil.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du, inst inne, fordommar mot svarte? Eller kvite? Det kan jo vere kjekt å vite.Har du, inst inne, fordommar mot svarte? Eller kvite? Det kan jo vere kjekt å vite.

Det er politisk korrekt å like alle. Vi vil gjerne vere opne og opplyste, vi vil vere fulle av respekt, milde og snille. Vi vil gjerne forstå at andre ikkje er som oss, og late dei vere akkurat slik dei er.

På botnen av sjela


Men endå så snill og grei ein gjerne vil vere; fordommane lurer på botnen av sjela, og kjem opp når ein minst ventar det.

Det finst, også for dette, testar på nettet der du kan finne ut kor skapet står. Er du så open som du trur, eller har du litt grums på botnen?

Er du eigentleg litt homofob inst inne? (Foto: Filmweb)Er du eigentleg litt homofob inst inne? (Foto: Filmweb)

Bli avslørt


Harvard - universitetet i USA har utarbeidd ei rekkje psykologiske testar som skal avsløre om du har fordommar mot heterofile, homofile, tynne, tjukke, svarte, kvite, single, gifte, kvinner, menn, gamle, unge, kristne, muslimar..... Dei har i det heile gjort ein grundig jobb.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Testane finst desverre ikkje på norsk, men med ein høveleg bra engelsk greier du deg fint. Du kan velje om du berre vil gjere demonstrasjons-testar (då kan du velje sjølv kva tema du vil teste deg på) eller om du vil testast på alvor (då får du ikkje velje test sjølv, og resultata blir registrerte og brukte i forskinga på Harvard, viss eg har forstått det rett).

Meiner du eigentleg at kvinnas plass er på kjøkkenet? Utan å vite det sjølv eingong? (Foto: retro-housewife.com)Meiner du eigentleg at kvinnas plass er på kjøkkenet? Utan å vite det sjølv eingong? (Foto: retro-housewife.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Amerikansk vinkling


Sidan undersøkjinga er laga i USA passar ikkje alle testane for nordmenn. Eg har til dømes ikkje særleg sterke kjensler verken når det gjeld indianerar eller asiatiske amerikanerar, rett og slett fordi desse gruppene ikkje er ein del av kvardagen min.

Men testar som svart/kvit, kjønn/karriere, homo/hetro og kristne/muslimar er jo like aktuelle hos oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Slik gjer du


Metoden går ut på at du skal gruppere ord eller bilde i lag med andre ord eller bilde. Raskt og utan å tenkje deg noko særleg om. Etterkvart blir oppgåvene litt meir avanserte, og undermedvitet ditt må hjelpe deg å plassere rett. Det er då du blir avslørt. Du er litt grumsete, du og.

Her

kan du finne ut korleis det står til med fordommane dine.


Les meir på nettet:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving