Vil spare 190 millionar på billigare medisin

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ved å hindre legane i å skrive ut dei dyraste medisinane vil Staten spare 190 millioner kroner neste år. For pasientane betyr det 52 millionar kroner mindre i eigendelar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Helse- og omsorgsdepartementet sender måndag ut eit forslag om dette på høyring. I notatet gjer direktoratet framlegg om å senke prisane på ei rekkje legemiddel, skriv Aftenposten.

Blåreseptordninga, som sikrar at staten betalar for medisinane som kronisk sjuke treng, vil berre dekkje den maksimale prisen som er sett av departementet.

Dersom legar likevel skriv ut resept på dyrare medisin, må pasientane betale prisforskjellen mellom maksprisen og den dyre medisinen legen skriv ut.
Unntak kan gjerast dersom legen har spesielle medisinske grunnar for å velje ein dyrare medisin, skriv Aftenposten.

I 2005 brukte staten meir enn 10 milliardar kroner på medisin gjennom blåreseptordning. Med det nye forslaget håpar departementet at denne rekninga skal bli mindre. Fleire legar skriv ut resept på dyr medisin sjølv om det finst like gode og billigare alternativ. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving