Lim inn - leiken

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kan du kort-kommandoen ctrl+v for å lime inn tekst? Den kan du ha det mykje moro med.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva driv han karen her med tru? Kanskje han skriv fine, inspirerande dikt? (Foto: br-online.de)Kva driv han karen her med tru? Kanskje han skriv fine, inspirerande dikt? (Foto: br-online.de)

Er du ein av dei nyfikne som likar å snoke i kva andre driv med? Frydar du deg over å lese handlelappar nokon har mista på gata eller å få vite kva statsministeren hadde til middag i går? Då kan det hende at også lim-inn-leiken er noko for deg.

Ord-loppis

Leiken minner også litt om å gå på loppemarknad. Du veit aldri kva du kan kome over. Du er i utgangspunktet ikkje på utkikk etter noko spesielt, men plutseleg sit du der med huset fullt av noko du ikkje ante at du ønskte deg.

Det er litt frekt å kikke folk over skuldra når dei sit ved ein pc. Men når dei er gått, er det fritt fram. (Foto: pierce.ctc.edu)Det er litt frekt å kikke folk over skuldra når dei sit ved ein pc. Men når dei er gått, er det fritt fram. (Foto: pierce.ctc.edu)

Eg trur ikkje lim inn-leiken kjem til å fylle opp huset ditt, men kanskje kan du få noko meir inn i hjernen, i tilfelle han er litt tom?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Offentleg pc


Leiken leikast best på offentlege datamaskinar, slike du kan låne på til dømes biblioteket. Sett markøren (musepeikaren) i kva tekstfelt som helst, og trykk på ctrl og v på samme tid. Då får du sjå kva personen som sist klipte ut noko frå ein eller annan plass frå maskina du sit ved, var interessert i.

Artig eller uartig


Det kan hende at dei var interesserte i noko du synst er kjedeleg, som til dømes dei første 40 desimalane i 3,14. Det kan også hende at du får eit heilt kjærleiksbrev i fanget. Eller ei kakeoppskrift. Eller berre eit ord som nokon ville lime inn ein stad. Eller kanskje finn du noko ekkelt, som du helst ikkje vil vite om. Dette er ingen leik for pyser.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ok, det er kanskje litt meir sosialt å gå på loppemarknad. Men skattane du finn når du driv med ord-loppis brukar ikkje opp skapplassen din. (Foto: ddincher.free.fr)Ok, det er kanskje litt meir sosialt å gå på loppemarknad. Men skattane du finn når du driv med ord-loppis brukar ikkje opp skapplassen din. (Foto: ddincher.free.fr)

Artikkelen fortsetter under annonsen

I alle høve er dette noko du kan gjere viss du kjedar deg litt og vil ha ein liten impuls frå eit anna menneske.


Pass på


Ei anna side av saka er jo sjølvsagt at no tenkjer du deg sikkert om ein ekstra gong før du kopierer eller klipper ut kjærleiksbreva dine når du sit på offentlege pc-ar.

Viss du er engsteleg for at nokon skal lese det du har klipt ut, er det berre å klippe ut noko anna, (til dømes eit mellomrom eller eit komma, viss du ikkje vil gi neste lim-inn-leiken-fantast noko skikkeleg å tyggje på) så forsvinn kjærleiksbrevet frå minnet.

God impulsjakt!

Les meir i Neste Klikk:

  • Fleire finurlege greier finn du her

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving