83 miste livet i taifunen i Kina
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Ningde (NTB-Reuters): Taifunen Saomai slo inn over kysten torsdag. Då hadde styrsmaktene på førehand evakuert nesten ein halvannan million menneske. Meir enn tusen bygningar blei blåst over ende.
Saomai rasa inn over Cangnan-fylket i provinsen Zhejiang, rundt 200 kilometer sør for Shanghai.
- Vindkasta i Saomai kjem opp i 216 kilometer i timen, og stormen har bevega seg mykje raskare enn varslet, fortalde meteorologen Li Yuzhu.
Fredag morgon hadde Saomai dempa seg noko i styrke og var nedgradert til ein tropisk storm.
Kinesiske media omtalar Saomai som den verste vêrkatastrofa sidan 1956, då 3.000 menneske omkom i uvêr i den same regionen. (©NTB)