Britisk narr dansa 160 kilometer
London (NTB-AFP): Peterkin the Fool, eller Peet Cooper som han eigentleg heiter, har fullført ein 160 kilometer lang dans i embets medfør.
Han la i veg frå Bristol vest i England 12. juli, og var onsdag framme i Northampton midt i landet. Ferda skjedde etter historisk førebilete, for i 1599 dansa William Shakespeare sin skodespelarkollega Will Kemp på same måte fra austengelske Norwich til London.
- Kemp var den finaste av Shakespeares komiske skodespelarar, men samarbeidet blei brote i 1599. Kanskje han fortalde ein prompevits for mykje, seier narr Peterkin, som klagar over ei mengd vassblemmer etter maratondansen.
- Eg trur narren er ein personlegdom som bur djupt nede i oss alle. Vi er veldig gode til å vere viktige eller pompøse, og narraktigheit er den rette måten å kvitte seg med slikt på, framheld Peet Cooper.
Det ærverdige embetet som hoffnarr blei avskaffa etter puritanarane sin
siger i den engelske borgerkrigen i 1649. No er det altså vekt til live, riktig nok ikkje i hoffet sin regi men etter initiativ frå organisasjonen English Heritage, som ivaretek engelsk kulturarv. (©NTB)