Plan om å sprengje fly avslørt i Storbritannia

Artikkelen fortsetter under annonsen

Politiet i Storbritannia har avslørt planar om å sprengje eit fly i lufta, opplyser Scotland Yard. Fleire personar er arrestert i saka.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

London (NTB-Reuters): Avsløringen av angrepsplanene har ført til at trugselnivået er heva til kritisk i Storbritannia, noko som betyr at eit åtak kan forventast når som helst, opplyser tryggleikspolitiet.

Planen skal ha vore å sprengje eit fly medan det var i lufta mellom Storbritannia og USA, og politiet har arrestert fleire personar i
London-området. Personane skal ha hatt planar om å smugle med seg bomber om bord i eit fly i handbagasjen.

Flyselskapet British Airways har innført forbod mot å ta med handbagasje på dei av selskapet sine fly som forlét Storbritannia. Ifølgje British Airways er tiltaket sett i verk etter krav frå styresmaktene.

Tryggleiken er styrka på britiske flyplassar som følgje av avsløringa.

Etterforskinga av åtakssplanane har ifølgje politiet gått føre seg i ein månad.
(©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving