Chavez bryt truleg kontakten med Israel

Artikkelen fortsetter under annonsen

Venezuela kjem truleg til å bryte kontakten med Israel i protest mot militæroffensiven mot Libanon, seier Venezuelas president Hugo Chavez.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Venezuelas President Hugo Chavez, her saman med sin russiske kollega, seier han truleg kjem til å bryte kontakten med Israel i protest mot angrepa mot Libanon.Venezuelas President Hugo Chavez, her saman med sin russiske kollega, seier han truleg kjem til å bryte kontakten med Israel i protest mot angrepa mot Libanon.

Caracas (NTB-Reuters): Før helga kalla Venezuela tilbake ambassadøren sin til Israel i protest mot dei israelske angrepa i Gaza og Libanon.

Dagen etter svara Israel med å trekkje tilbake sin ambassadør frå Venezuela.

President Hugo Chavez har fordømt Israel sine aksjonar og uttrykkjer ofte støtte til det palestinske folket.

- Eg har gitt ordre om å trekkje hjem ambassadøren vår i Israel, sa Chavez
i ein tale torsdag. Han sa at årsaka er den indignasjonen Venezuela
føler for Israel si bombing og dreping. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving