Framleis ikkje pop å vere skulelys
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(NPK): I ungdomsgjengen er det viktigare å vere populær enn å vere flink på skulen, meiner utdanningsforskar Camilla Schreiner.
- Det er mange flinke elevar som gjer det godt sosialt, men den flinkaste i klassa slit gjerne med å bli populær. Ein bør late som ein ikkje jobbar så mykje med skulearbeidet, om ein skal unngå å bli stempla som strebar, seier Schreiner til Dagsavisen.
Fleire pedagogar som avisa har intervjua er uroa over kunnskapens manglande status. (NPK)