Strødde oppvaskmiddel på chipsen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tretten personar blei sende til sjukehus i Grenå i Danmark i går då ein kokk hadde tatt feil av saltet og oppvaskmiddelet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det var på Kattegatsenteret i Grenå i Danmark, eit populært turistmål for både nordmenn og svenskar, at fleire gjester plutseleg blei sjuke i går ettermiddag etter å ha ete pommes frites.

Dei fleste barn


Dei fleste av dei sjuke var barn, og det blei raskt konstatert forgifting. Dei sjuke, blant anna norske og tyske turistar, blei sende til sjukehuset i Randers for behandling.

Politiet si utgreiing synte at gjestene hadde fått i seg oppvaskmiddel.

Tok feil bøsse


- Personalet har rett og slett forveksla saltet med oppvaskmiddelet, som ser nesten heilt likt ut, seier Helle Edebo, vakthavande befal i Grenå til svenske Aftonbladet.

Istaden for salt blei altså pommes fritesen krydra med etsande oppvaskmiddel.

Ikkje alvorleg


- På sjukehuset har dei ramma fått mykje å ete og drikke for å lindre skadane, forklarar Edebo vidare. Ingen av dei 13 er alvorleg skadde men dei måtte bli på sjukhuset til observasjon.

- Ekstra alvorleg er det sjølvsagt at mange av dei ramma er barn, meiner Edebo.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving