Ringde 911 for å ordne date

Ei kvinne frå Oregon, USA, ringde likegodt naudnummeret 911 for å skaffe seg ein date.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Menn i uniform sett kjenslene i sving…(Foto: uwlax.edu) Menn i uniform sett kjenslene i sving…(Foto: uwlax.edu)

Dette skjedde i juni i år, ifølgje Yahoo! News.

Desperat


45-åringen Lorna Dudash vart oppsøkt av politiet på grunn av den høge musikken heime hos ho. Konstabelen ba ho om å skrue ned lyden, noko ho så gjorde.

Ho la også merke til politikonstabelen som var «den søtaste konstabelen ho hadde sett på lange tider», og vart desperat etter å få møte han igjen.

Dermed ringde ho naudnummeret 911.

Kom tilbake


Av naudtelefonen fekk ho derimot ikkje nummeret til konstabelen, men ein påtale for å ha misbrukt naudnummeret.

Lorna Dudash likte politimannen så godt at ho ringde 911 for å treffe han igjen. (Foto:local6.com)Lorna Dudash likte politimannen så godt at ho ringde 911 for å treffe han igjen. (Foto:local6.com)

Så konstabelen kom tilbake til Dudash, - for å arrestere ho.

Unnskylda seg


Til juryen forklarte Dudash at ho ikkje visste anna råd enn å ringje naudnummeret for å komme i kontakt med konstabelen igjen.

Men dommaren i saka, Marco Hernandez, godtok ikkje den unnskyldinga:

- Folk som er, la oss seie 7 år, veit at dei berre skal ringe 911 ved naudstilfelle, uttalte han i samband med saka.

Slepp fengsel


Lorna Dudash vart dømt til 2 års prøvetid, 100 timar samfunnsteneste og må betale omlag 37.000 kroner i bot.

Så spørs det om dette sette ein stoppar for den romansen.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Personvernpolicy