Fleire born flyg åleine

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det har dei siste åra vore ein sterk auke i talet på born som reiser åleine med fly.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: gorp.away.com)(Foto: gorp.away.com)

(NPK): I sommar flyg 13.000 born åleine med SAS Braathens eller deira samabeidspartnarar frå Gardermoen, melder Stavanger Aftenblad/ Fædrelandsvennen. På eitt år er talet oppe i 30.000.

- Dei aller fleste er born som reiser mellom skilde foreldre. Samlivsbrot og billege flyreiser fører til at fleire born reiser åleine, seier Unni Dørum, avdelingsleiar for SAS Braathens assistanseteam på Gardermoen.

Ho legg til at det også er ein auke i talet på born som gjestar besteforeldre som bur i Spania.

Dei fleste borna er godt budde til å reisa åleine, men Barneombodet fr likevel mange førespurnadar frå ottefulle foreldre som skal senda borna ut på reise åleine med ulike transportmiddel.

- Ein god regel er å utføra instruksjonsreiser saman med barnet på førehand. Di fleire reiser, di betre, seier nestleiar i Barneombodet, Knut Haanes. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving