Meny

Ufrivillig dyreimport

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Populære og ikkje fullt så populære husdyr (4): Hr. Kakerlakk.

Kakerlakken er ikkje farleg, men du har ikkje lyst til å ha han oppi senga di likevel. (Ill: solfjellet.no)Kakerlakken er ikkje farleg, men du har ikkje lyst til å ha han oppi senga di likevel. (Ill: solfjellet.no)

I ferien min har eg sett mange artige dyr, og nokre som ikkje var fullt så artige.

I utgangspunktet er eg glad i alle dyr, både små og store, og eg hugsar framleis veldig godt verset læraren min skreiv i minneboka mi i fjerde klasse:

«Ragnhild er en liten pike
gid vi hadde mange slike
steller pent med alle dyr
både de som går og flyr
»

Slik held eg på enno. Ikkje så lita lenger, men framleis ein sann dyreven. Men også eg har mine begrensingar. Medan kråker, hestar, froskar, sauer, og til og med veps får så mild behandling som situasjonen tillet, ville nok verken mygg, fluger eller klegg ha kjend meg att viss dei las i minneboka mi frå fjerdeklassen.


Hr. Kakerlakk


I sommar møtte eg Hr. Kakerlakk, han er heller ikkje på yndlingslista mi, og eg fryktar at han blei med meg heim.

Ferieturen gjekk til Cuba. Eg kan ikkje noko særleg spansk, men ein song hadde eg lært. La cocaraccia. Kakerlakken. Songen handlar om ein kakerlakk som ikkje kan gå, for han har mista eit bein. Denne songen song eg stadig vekk i løpet av dei to ferievekene, til stor glede for kubanarane og meg sjølv.

Dette er den tyske kakerlakken, som etterkvart har blitt ein riktig noregsven. (Ill: uio.no)Dette er den tyske kakerlakken, som etterkvart har blitt ein riktig noregsven. (Ill: uio.no)

I fotsid frakk


Eg kan også ein anna kakerlakk-song, den er om Hr. Kakerlakk i fotsid frakk og alt for store sko. Han gjekk på basar og vann kalosjar som var nummer to. Men den songen var det ikkje noko vits å syngje for kubanarane, for dei forstår ikkje norsk.

I tillegg til å vere glad i dyr, er eg også glad i å sove lenge om morgonen. Sjølv om eg vaknar tidleg, legg eg meg berre godt til rette med ei bok og så sovnar eg snart igjen. Men ein morgon sto eg opp i ei viss fart med ein gong kjærasten min vekte meg. - Det er litt skrekkfilm her, sa han. Eg opna auga. Hr. Kakerlakk sat på myggnettingen, ti centimeter framføre nasen min. Han var stor og brun. Før eg visste om at eg hadde vakna, var eg ute på golvet. Uæh!

Frelst


Etter nokre nervepirrande dagar med mislukka attentatforsøk og utan at natteroen nokon gong senka seg heilt, greidde vi tilslutt å drepe Hr. Kakerlakk med ein giftig spray. Triumferande bar eg den daude kakerlakken ut til venene mine medan eg sang kakerlakksongen om den kakerlakken som ikkje kan gå endå ein gong. Eg følte meg frelst. Kakerlakken kunne ikkje gå meir, ikkje på myggnettingen eller nokon annan plass.

Tilbake i Noreg er eg svært nøgd med både alle dei morosame dyra eg har sett, og at mange av dei ikkje finst i Noreg. Og eg treng ikkje å sove med myggnetting om natta, det er bra.

Ikkje her?


Og kakerlakkar finst det ikkje her. Eller, i alle fall fanst dei ikkje før. Men dei siste åra er det visst vorte ganske vanleg å importere dei, anten saman med mat eller rett og slett oppi kofferten. Og sjølv om du drep ein kakkerlakk, så er dei 1000 venene hans sannsynlegvis ikkje langt unna, opplyser eit raskt nettsøk meg om.

Eg trøystar meg med både den norske og den spanske kakerlakksongen, og prøver å tenkje på kakerlakken som ei bille. Han er ikkje farleg, han er berre litt stor og brun. Og kanskje la han ikkje eit einaste egg i kofferten min som heile tida låg open på golvet.

Les meir på nettet:


Fleire populære og ikkje fullt så populære husdyr i Neste Klikk:



Meir om dyr i Neste Klikk:


ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving





Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus