Broderi er blitt trendy
Av Johanne Landsverk, Nynorsk Pressekontor
Norges Husflidslag vil utnytte den nye trenden, og i september startar eit mangeårig broderiprosjekt. Oppstarten blir 15.-17.september med broderiseminar på Holmen Gård i Gjerstad, kurssenteret til Norges Husflidslag.
Populært blant unge
Tove Gulsvik, administrerande direktør i Norges Husflidslag, fortel at det akkurat no er ei god tid for broderiet.
- Broderi ligg i tida. Det er er blitt veldig populært, spesielt blant dei unge, seier Gulsvik.
- I fem år har Norges Husflidslag sett fokus på tre og trearbeid. Men i åra framover ønskjer vi å løfte fram gamle broderiteknikkar.
- Held broderiteknikkane på å gå i gløymeboka?
- Vi har klart å halde i hevd ein del av broderiteknikkane, som til dømes bunadbroderiet. Men ein del av teknikkane treng å bli løfta fram att. I broderiprosjketet vil vi ta opp fritt broderi, men vil vil også trekkje fram gamle teknikkar som hardangersaum og engelsk broderi. (NPK)