Stor søking til friskular

Fleire tusen elevar og foreldre vel no friskular i staden for offentleg vidaregåande skule.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: twinagent.co.uk)(Foto: twinagent.co.uk)

(NPK): Kunnskapsminister Øystein Djupedal trekte i fjor tilbake godkjenninga for ei rekkje friskular, og fleire skular har gått til søksmål mot regjeringa.

Men motstanden har ført til fleire søkjarar. Friskulekjeda John Bauer fekk i år mellom 700 og 800 søkjarar til 175 plassar på første årstrinn i Oslo, og måtte avvise meir enn 500 søkjarar.

- Talet på elevar i Bergen blir seksdobla, seier dagleg leiar Rune Eikeland i John Bauer til Dagsavisen.

- Mange av søkjarane er frå stader der det var planlagt ein John Bauer-skule, men som Djupedal har stoppa.

Friskulekjeda Akademiet, som driv vidaregåande skular i seks byar, har 2.092 søkjarar i år, mot 839 i fjor. Talet på elevar vil vere meir enn dobla når skuleåret begynner seinare denne månaden. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy