Nye bombeangrep mot Beirut

Artikkelen fortsetter under annonsen

Israel gjenopptok natt til torsdag bombeangrepa mot dei sørlege bydelane av Beirut.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: deseretnews.com)(Foto: deseretnews.com)

Beirut (NTB-AFP-Reuters): Kraftige eksplosjonar blei hørt då israelske fly gjennomførte minst tre angrep i dei tidlege morgontimane, ifølgje politiet.

Det var dei første angrepa på fleire dagar i dei sjiamuslimske bydelane der Hizbollah står sterkt.

Det er ikkje meld om såra, men store delar av befolkninga i det sørlege Beirut har allereie flykta, og området er bomba til ruiner.

Israelske krigsfly gjennomførte også nye angrep mot Akkar-regionen ved grensa til Syria. Berre eitt døgn før blei to bruer i området bomba.

Samstundes fortsette kampane i Sør-Libanon, der 10.000 israelske soldatar nå har rykka inn. Ein israelsk soldat blei drepen og fire såra i kampar ved landsbyen Aita al-Shaab onsdag. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving