Skred av søkjarar til TV-aksjonen

Artikkelen fortsetter under annonsen

13.000 nordmenn har søkt seg til prosjektet «Ei veke i felt med Leger Uten Grenser». Berre fire av dei får dra.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mottakaren for tv-aksjonen i år, Leger Uten Grenser, får bunkevis av søknader frå nordmenn som vil vere tv-reporter i ei veke for organisasjonen. Her er Mette Andersen, leiar for TV-aksjonen Leger Uten Grenser 2006 ved ein fiktiv stabel søknadar. (Foto: Leger Uten Grenser, NPK)Mottakaren for tv-aksjonen i år, Leger Uten Grenser, får bunkevis av søknader frå nordmenn som vil vere tv-reporter i ei veke for organisasjonen. Her er Mette Andersen, leiar for TV-aksjonen Leger Uten Grenser 2006 ved ein fiktiv stabel søknadar. (Foto: Leger Uten Grenser, NPK)

(NPK): Tidlegare i sommar gjekk TV-aksjonen ut og søkte etter eit tverrsnitt av befolkninga som skulle få lov til å reise ut til dei gløymde humanitære krisene, dei som media ikkje dekkjer og som verda gløymer.

Eit TV-team vil følgje dei som blir valde ut, og opptaka vil bli sendt i forkant av TV-aksjonen på NRK den 22. oktober. Temaet for tv-aksjonen i år er dei gløymde humanitære krisene.

- Vi hadde håpa på 3.000 søkjarar, men at det skulle bli over fire gonger så mange er heilt utruleg, seier Mette Andersen, leiar for TV-aksjonen Leger Uten Grenser 2006.

Ho meiner engasjementet viser at nordmenn ønskjer å gjere noko meiningsfullt, og at vi gjerne tek del i humanitært arbeid når vi får sjansen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Rapportere heim


Dei fire utvalde får reise til Sierra Leone, Den demokratiske republikken Kongo eller Elfenbenskysten i starten av september.

- Vi trur dei menneska som skal representere Noregs befolkning vil rapportere om situasjonen i dei ulike landa på ein annan måte enn dei som er i kriseområde til dagleg, seier Andersen.

Kvinnene er klart i overtal i søkjargruppa. Det er over dobbelt så mange kvinner som menn som har søkt. Flest er mellom 18 og 29 år, og nordlendingane er ivrigast om ein ser det i forhold til folketal. Totalt sett toppar Akershus søkjarlista med 1.300 søkjarar. Den eldste søkjaren er på 78 år. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving