Meny

Prosit!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Er du ein nyse-fetisjist? Alt du eigentleg ikkje treng å sjå og vite om nysing, finn du her.



Alt folk gjer for å sysselsetje seg...Alt folk gjer for å sysselsetje seg...

Til lykke?


Kva seier du når folk nys? Seier du noko i det heile tatt? Vel, reiser du utanlands vil du truleg finne ut at «folk flest» nyttar Bless you, som er ei velsigning, eller det tyske uttrykket Gesundheit, som altså er ei slags lukkeønsking! Men det finst andre uttrykk og: Salud (Mexico), saúde (Brasil), na zdrowie (Polen) og så vidare.

Langt, og lenger enn langt


Verdas lengste nyse-serie skal visstnok ha vara i nesten 3 år! Den då 12 år gamle Donna Griffiths frå Storbritania byrja å nyse 13. januar 1981 og heldt på til 16. september 1983.

Nyse-forum


For dei som er spesielt interesserte, finst det sjølvsagt eit nyse-fetisjforum på nettet. Forumet er engelskspråkleg og har ei rekkje medlemer som deler sine små og store nysehistorier med kvarandre.

Eit nys kan vere ei gigantisk greie. (Ill: ursispaltenstein.ch)Eit nys kan vere ei gigantisk greie. (Ill: ursispaltenstein.ch)

Sjå så ekkelt!


Så til noko meir visuelt. For å byrje i den meir estetiske enden av det: Babyar er jo kjempesøte når dei nys.

Denne jenta kjedar seg på flyet, og får tida til å gå med å leike seg litt med nasen sin.

Medan denne fyren nys så kroppsdelane ramlar av.

Og så tar det liksom heilt av. På denne nettstaden finn du utelukkande videosnuttar av asiatiske jenter som provoserer fram nys med å kitle seg i nasen med ein liten pinne.

Og til slutt, det du definitivt ikkje treng vite (eller sjå):

Dette er frykteleg, frykteleg kvalmt

, eg greidde berre sjå i nokre sekund.

Gesundheit!


Lurer du på korfor me nys? Svaret kan du finne her.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus