Vikarar i helsevesenet bidreg til smittespreiing

Artikkelen fortsetter under annonsen

Auka bruk av vikarbyrå får skulda for at farlege sjukdommar spreier seg ved norske helseinstitusjonar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: res2.agr.ca)(Foto: res2.agr.ca)

Oslo (NTB): Stadig fleire jobbar deltid fleire stader, og helsepersonell sjonglerer mellom ulike sjukeheimar, omsorgsbustader og sjukehus, ifølgje Dagsavisen.

Dette kan føre til smittespreiing, og smittevernetaten i Oslo er bekymra over bruken av innleigde vikarar.

Overlege Bjørg Marit Andersen ved Ullevål Universitetssykehus åtvarar etter mange utbrot av den multiresistente bakterien MRSA. MRSA er ein type gule stafylokokker. Dei lar seg vanskeleg behandle med antibiotika.

- Ikkje berre MRSA, men også andre farlege sjukdommar blir spreidde ved at helsepersonell har «nomade-jobbing» ulike stader. Ein kan bere sjukdommen utan å vere sjuk sjølv, seier Andersen til Dagsavisen.

- Sjølv tilsynelatande uskuldige mikrober kan vere dødelege om dei vert overført til svekka eldre, seier ho. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving