Unge kvinner oftare alkoholforgifta

Stadig fleire unge kvinner blir lagt inn på sjukehus med akutt alkoholforgifting.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: en.wikipedia.org)(Foto: en.wikipedia.org)

(NPK): På få år har pasientar med diagnosen alkoholforgifting auka dramatisk.

Den tydelegaste auken i alkoholforgiftingar finn ein hos unge kvinner mellom 18 og 24 år, med ein auke i talet på innleggingar på over 60 prosent. Og for menn over 50 år er auken på heile 87 prosent.

I perioden 2000 til 2004 døde 221 personar av alkoholforgifting, viser tal frå SSB. Forskarar seier til Aftenposten.no at dette truleg kjem av at nordmenn samla sett drikk meir enn før. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Personvernpolicy