Meny

Nordmenn vann EM

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Fire norske ingeniørstudentar vann nettopp EM for studentbedriftar i Maastricht. Dei vann med ein automatisk dovaskar.

Snart kan det gå heilt av seg sjølv å få vaska doen. (Foto: slowtheflow.com)Snart kan det gå heilt av seg sjølv å få vaska doen. (Foto: slowtheflow.com)

Dei fire studentane Martin Hvassing, Thomas Endresen, Kim Bøe og Øystein Strøm har jobba med oppfinninga sidan i fjor sommar.

Vaskar sjølv


- Heime hjå meg har me eit kjønsrollemønster omvendt av det på 50-talet, seier Martin Hvassing til Teknisk Ukeblad for å forklare korleis idéen til dovaskaren kom opp.

Dovaskaren har fått namnet «Flush», og er eit lite kammer med spylevæske som ligg lagra inni do-sisterna. Kvar gong ein spylar ned, vil litt væske renne ned i do og gje ei god lukt og halde doskåla rein innvendig.

Patent på vask

Under europameisterskapen fekk «Flush» mykje merksemd, mellom anna frå ein nederlandsk produsent av sanitærutstyr. Oppfinnararne har søkt patent på «Flush» og ønskjer no å bruke tid på å vidareutvikle idéen.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus