Meny

Mel Gibson fordømmast for antisemittisme

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Jødiske leiarar avviser ei unnskyldning frå filmstjerna Mel Gibson etter at han angiveleg brukte antisemittisk språk mot politiet då han blei arrestert for fyllekøyring i førre veka.

(Foto: mundodelocio.com)(Foto: mundodelocio.com)

Los Angeles (NTB-DPA-AFP): - Orsakinga frå Mel Gibson er utilstrekkeleg og viser ingen anger, seier Abraham Foxman som er president i Anti-Defamation League.

Ein av Hollywoods fremste filmagentar, Ari Emanuel, ber alle boikotte Gibson, medan leiaren for Simon Wiesenthal-senteret, rabbiner Marvin Heir, bed ABC avslutte samarbeidet med Gibson om ein film om holocaust.

Ifølgje Los Angeles Times vurderer Disney-konsernet å stanse distribueringa av den kommande Gibson-filmen «Apocalyto» på grunn av skandalen.

Gibson blei fredag arrestert for promillekøyring etter at han blei stansa av politiet for å køyre i 140 kilometer i timen på kystvegen i Malibu. Etter at han blei stansa, skal han ha skjelt ut politifolka med antijødiske skjellsord.

- Helvetes jødar. Jødane er ansvarlege for alle krigar i verda. Er du jøde, skal Gibson ha sagt til politiet då han blei vinka inn til sida.
(©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus