Stor vilje til nynorsk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hå kommune er i tet når det gjeld nynorskelevar i grunnskulen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I følgje Nynorsk faktabok 2005 har Hå kommune i Rogaland flest nynorskelevar i grunnskulen, vel og merke mellom kommunar som ikkje er nynorskkommunar. Hå kommune er ein språkleg nøytral kommune, noko som i praksis vil seie at kommunen sine tilsette står fritt til å velje kva målform dei vil nytte i verksemda.

(Foto: home.wi.rr.com)(Foto: home.wi.rr.com)

Nesten likt fordelt


Tal frå i fjor syner at 158 kommunar i landet er språkleg nøytrale. Det tyder ikkje nødvendigvis at dei har valt å vere nøytrale. §5 i mållova slår fast at kommunar som ikkje har gjort vedtak om kva målform dei skal nytte, automatisk vert rekna som nøytrale.

Tala på kommunar som har vald nynorsk og bokmål er hhv. 115 og 160 (kjelde: Lovdata, 2005). Det tyder at 36,5 prosent av norske kommunar er språkleg nøytrale, 26,5 prosent nyttar nynorsk som administrasjonsspråk og 37 prosent nyttar bokmål.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hovudsakleg nynorsk


- Her i Hå har me eit kommunestyrevedtak frå langt tilbake i tid som slår fast at opplæringsspråket i skulane skal vere nynorsk, fortel kommunalsjef for utdanning, Ragnvald Riis. - Det gjer at alle grunnskulane i Hå har nynorsk som hovudmål. Men skulane har og sjølvsagt nokre bokmåls-grupper, i tråd med det opplæringslova legg opp til.

Men administrasjonsspråket til kommunen er ikkje nynorsk? Nettsidene til Hå kommune er t.d. på bokmål.
- Nei, sidan me er ein nøytral kommune kan kommunalt tilsette sjølve velje om dei vil bruke nynorsk eller bokmål. Det ser no forsåvidt ut til å fungere godt, trur Riis.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gode tilbod


Kommunalsjefen meiner skulane sjølve er med på å gjere at nynorsken har ei så pass solid forankring. Språkbevisste lærarar er eit gode han meiner elevane har nytt godt av, og også i barnehagane blir det lagt vekt på å nytte nynorsk. - Me er nøye på å ha gode nynorske læremidlar tilgjengeleg for skuleelvane våre, og då meiner me like mykje på biblioteket som i klasserommet.

Skulane og barnehagane vert og oppmoda om å nytte nynorsk i alt skriftleg arbeid utad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Også private


Ein privat ungdomsskule er under oppbygging i Hå kommune. Tryggheim ungdomsskule starta med ein klasse hausten 2005, men skal på sikt ha tre klassetrinn. Ein privat ungdomsskule er ikkje bunden av vedtaket om nynorsk som opplæringsspråk, men leiar for Tryggheim ungdomsskule, Trond Arild Grødem, er klar:

- Me brukar nynorsk i administrasjonen på skulen, og dei aller, aller fleste elevane våre gjer det.

I den første klassen på ungdomsskulen er det i år 17 elevar, og av desse er det berre eitt par som har valt bokmål som hovudmål. Slik Grødem ser det, vil det vere uaktuelt å bruke anna enn nynorsk også når skulen har blitt fulltalig.

- Sjølvsagt brukar me nynorsk, det er jo slik me snakkar her.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving