Meny

Raudt kort for fyll

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Går du på bar i New Zealand og drikk deg full, kan det ende med raudt kort og utvisning.

Inspirert av fotballverda har no enkelte barar byrja å vise gjestene sine gule og raude kort når dei synast inntaket blir for drygt.

Får du raudt kort på bar i New Zealand, er det berre å ta med seg promillen sin og pelle seg heim. (Foto: foolcircle.net)Får du raudt kort på bar i New Zealand, er det berre å ta med seg promillen sin og pelle seg heim. (Foto: foolcircle.net)

Gult kort

tyder at det byrjar å bli nok og at du ikkje får servert meir alkohol på ei gitt stund.

Raudt kort

seier at du er for full og må gå heim.

For at det ikkje skal verke for strengt, er det slik at dei som går heim utan bråk og spetakkel kan ta med seg det raude kortet sitt neste gong dei kjem på baren og byte det inn i ein drink.

Går sport i det


- Somme er sjølvsagt for flaue til å kome tilbake neste dag, seier Bruce Robertson i Hospitality Association of New Zealand til NZ Herald.
- Dei beheld sikkert berre kortet som ein souvenir.

Ikkje alle barar i New Zealand har dette kortsystemet, men dei som har det synast det funkar greitt.
- Det er sjølvsagt ein fare med at folk lar det gå sport i å samle opp raude kort, seier Robertson. - Men dei tilsette på barane er trente i å avverge slike situasjonar.

Sjenkestader i New Zealand kan risikere bøter på 10 000 NZ dollar (nesten 40 000 NOK) og inndraging av sjenkeløyvet viss dei serverer alkohol til overstadig berusa personar.

Meir i Neste Klikk:

ABC Startsida har meir om alkohol.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus